Sommerdugnaden 9.juni 2018

(Text A.B Foto V.K)

Laurdag 9.juni hadde Saupeset og Belgefet Vel den årlige dugnaden på nærliggande sommarstiar. Kl 10 møtte ein blid og sterk, men særs liten gjeng  på 8 vaksne og tre hundar! Det er skuffande kor få som møter opp. 

Årets løype og dugnadsmål var å rydde og merke på ny den gjengrodde stien/rundturen frå Saupeset/Belgefet mot Nystølhovda.  Vi ønska og å få rydda opp rundt infotavla og starta der. Vi vart kvitt mykje rusk og rask som vart køyrd på ”tippen” direkte same dag. Etter innsatsen ved tavla delte vi oss i to lag og starta i kvar vår ende av løypa frå Belgefet og Saupeset og møttes på Nystølhovda til felles lunsjpause. Tørt og fint i skog og myr og gode dugnadsforhold!

Følgjande sti er rydda og merka i år:
Saupeset-Nystølen-Nystølhovda-Belgefet

-         Det står framleis att å male opp igjen nokre av skilta mellom Nystølhovda og Belgefet.

-         Vi oppfordre alle til å ta i eit tak og kviste langs stiane når de ser det er behov for det  når de er ute på tur

-         Vi oppfordre alle til å melde til styret om det er nedfall av tre som bør fjernast i løpet av sommarsesongen. 

NNF hadde dugnad samme dag og med vår dugnad så er dette eit flott bidrag med innsats frå Saupeset og Belgefet til sommarstiar som alle er velkomne å nytte!

Vellet minner om at turane er lagt inn på GPS, som er på kartblad
med bilete og  på oppslagstavle og nettside. Turane er lagt inn på nettsida www.UT.no.