Sommertreffen 4. august 2018

(Text A.B. Foto V.K)

På Sommartreffen 4.august møtte det 4 barn og 35 vaksne, samt 2 firbeinte, til den nyrydda badekulpen. Det er moro når så mange møter! J
Vêret var godt; sol og lettskya. Og ei herlig regnbyge midt oppi det heile. Då var det godt at ikkje alle trea var felt, så ein kunne søke ly under greinene.

Det var natursti med spørsmål knytt til kunnskap om både natur og matematikk som deltakarane svara på. I tillegg leikar med liv og leven og stor innsats. Det var 10 lag på naturstien og 13 lag på leikane! Diplom, heider og god omtale og ein liten ”godis-premie” til vinnerlaga på både tursti og leikar, og sjølvsagt trekning på velkomstloddet med heile 7 premiar.
Vellet serverte pølse, brus, kake og kaffi.