Dugnad 10. juni 2017

Årets dugnad 2017
Laurdag 10.juni hadde Saupeset og Belgefet vel den årlige dugnaden på nærliggande sommarstiar. Kl 10 møtte ein blid og sterk gjeng på 12 vaksne og tre hundar! 😃 Ny rekord i nyere tid! 😃👍
 
Årets løype og dugnadsmål var å rydde og merke på ny ein gjengrodd sti med mykje nedfall frå Saupeset/Belgefet mot Nystølhovda og Nybunuten. Planen var å ha to lag som skulle gå frå kvar sitt hald. Grunna stor vassføring kunne vi verken krysse elv, bekk eller myr utan vadebukse... Så etter ei kort rådslaging fann vi ut at denne løypa må vi ta seinare i sommar. 
 
Tre lag gjekk kvar si løype og felles lunsjpause vart i hyggelig lag på benken ved Søre Fisketjern. 
 
Følgande stier er rydda:
Saupeset-Damtjern-Elghøgdi
Damtjern - Søre Fisketjern 
Saupeset-Syningen-Matberget-Søre Fisketjern 
Ssupeset-Syningen-Fisketjern 
 
NNF hadde dugnad samme dag og med vår dugnad så er dette eit flott bidrag med innsats frå Saupeset og Belgefet til sommarstiar alle er velkomne 
0 å nytte!
 
Vått og grått og ein veldig kjekk dag i godt lag! 
 
Takk for oppmøtet og innsatsen!
 
For styret
Anita Bergom