Dugnad på Saupeset i fantastisk sommarvær!

Kim Aas, Anita Bergom, Terje Brennhovd, Ole Sydnes, Martin Ahlbäck og Øivind Aamodt
Foto Mari Brennhovd

Tekst: Anita Bergom – Foto: Mari Brennhovd 

Innan vi sette i gang, henta Martin Ahlbäck ekstra reiskap, utstyr og maling frå Fagerhøi/NNF på morgonen. Begge laga sette av garde med både staur og maling; 

Lag 1 gjekk frå parkeringen til Damtjern og Fisketjern; her er det først og fremst  satt opp mykje staur frå Damtjern til Fisketjern

Lag 2 gjekk frå parkeringen til Syningen/Flystyrten mot Matberget og over til Fisketjern, der det vart merka eit lite parti nytt vegval over ei myr.

Merka heilt ny sti/trasé frå stien like ved Matberget og over til Fisketjern. Her er det merka med mykje blåmaling/merking på trea og staur.

Begge desse stiane er kjempefine turar for både store og små!

Etter fleire timars hardt arbeid, lang mars, mat- og drikkepause – og nokre sjokoladepauser, møttes alle ved Fisketjern. Derifrå gjekk vi samla attende via Syningen. Og jammen kvista vi stien der og!

I løpet av dagane etter dugnaden har nokon av oss også

Kvista tur/retur  stien til Damtjern - Elghøgdi (Anita klarte å klippe i eit kvepsebol under ei grein- HJELP! Det gjekk bra; ho kom seg unna og berre eitt stikk. Puh! )

Kvista mykje – men langt frå alt/nok, på stien til Nystølen – Nystølhovda – Nybunatten og  endå litt lengre . Via Langetjernet/Voletjernan vart i lengste laget heim, så vi gjekk tilbake og kom over myrane vest/nordvest for Smylihaugen  - der må det og meir merking  til. (Vi starta frå Belgefetveien der skiløypa starta, kryssa elva og gjekk på stien mot Nystølen)

Delvis kvista stien ned frå Syningen/Rasteplassen ved minnesmerket som ender på vegen ved hyttene over det store jordet som er «grevi opp» - her må det kvistast meir ;)

Så kjære lesar og medlem i Saupeset og Belgefet Vel – de kan glede dykk til fine turar på fine løyper - både no i haust og til neste sommar! Og de kan og sjå fram til endå ein flott dugnad! Styret kjem attende med dato. J

GOD haust til alle!

Anita i fullt driv...

Stian og Magnus, godt å få seg litt drikke

Martin og Terje godt i gang med rydding

Martin, Anita, Stian, Magnus og Terje

Martin, Anita, Stian, Magnus og Terje